Har fått ein avklaring og to i høve bryllaupet sidan sist, så no tenkte eg at det er på tide med ein skikkeleg statusoppdatering.
Obs! Det er endå ikkje greit å snakke med andre om bryllaupet.
Status: Tungestølen
Som nemnt før, har det teke litt tid å få klarheit i kven ein skal snakke med angåande lån av området der inne. Dette er dei vi har snakka med
- Grunneigarlaget v/Jimmy: Grunneigar av heile dalen der inne.
- Luster turlag v/Ole: festar tomt til nye Tungestølen-hytta frå grunneigarlaget.
- DNT Oslo og omegn v/Gaute: Ansvarleg for BaseCamp.
Vi har vore i kontakt med alle no, og det ser ut til å gå vegen! Det som gjenstår er å få endeleg bekrefting frå Gaute i DNT Oslo.
Luster turlag v/Ole seier:
Hytta vår blåste ned under Dagmar i 2011. Byggestart på Nye Tungestølen i 2019.
Bruk gjerne området vi festar, men det er ikkje her det vigsla området ligg. Snakk med Grunneigarlaget.
Grunneigarlaget v/Jimmy seier:
Bruk området, men snakk med DNT Oslo og omegn om bruk av BaseCamp sitt utstyr i høve toalett, teltplassar og slikt.
DNT Oslo v/Gaute seier:
Truleg heilt greit å bruke området, men han må sjekke det formelt.
Status: Gjestar
Vi har endå ikkje gjestelista klar. Det gjenstår endå folk på «usikker»-lista som vi gjerne vil ha med. Av ulike grunnar, har vi ikkje klart å bestemme oss endå. Altså gjeld endå det som står på baksida av «Hald av datoen»-kortet!
Dette skal vere eit lite bryllaup. Men… Kjem alle som har fått «Hald av datoen»-kort, vert vi totalt 40stk!
Blant dei førti er det sjølvsagt følgje og nokre ungar. Og brudeparet sjølvsagt 🙂
Men asso 40stk! Det er litt fleire enn vi eigentleg hadde tenkt!
Vi bestemte oss tidleg for å ikkje invitere tantar, onklar og søskenbarn, slik som ofte er vanleg. Dei som er på gjestelista vår, er kjernefamilie og nære venner. Til no er det ein liten overvekt på brudgom-sida av lista, og vi vil helst ikkje ha fleire gjester på lista, men så er det nokre eg endå har på usikker-lista, og så er det så vanskeleg å bestemme seg, og så veit eg ikkje heilt kva eg skal gjere, og så vil eg ikkje såre nokon, og så får eg litt stress. *phuh*
Gjesteliste vert sikkert publisert snart. Men ikkje snakk om det før vi har fått gjeve beskjed til dei som «ikkje får vere med». Likar ikkje tanken på at dei skal få vite om det «via-via».
Status: Lån av utstyr og fasiliteter
Gaute i DNT Oslo seier dei har ei hytte der. Eg forstår ikkje det heilt. Kan det hende han refererer til hytta som blåste ned i 2011? Eller er det kanskje ei sikringsbu dei bruker i høve BaseCamp-arrangementa? Reknar med å få svar på dette om nokre dagar. Er det ei hytte der, kan det jo potensielt sett hende det er ein sengeplass og to dersom nokon har spesielt behov om å sove innandørs.
Som nemnt lenger oppe, trur Gaute at det går fint å låne teltplassen. Der er det toalett!
*Jeeiii, vi slepp å drite ut heile området rundt Tungestølen*
Utstyret til BaseCamp får vi ikkje låne, då DNT ikkje leiger ut utstyr til privatpersonar. Det var jo litt synd, for vi hadde håpa på å kunne leige det som ser ut som eit Tentipi-hovudtelt:

Vi får sjå om vi kan få leigd noko slikt frå andre plassar. Tenk so stas å kunne samle seg under tak dersom veiret vert dårleg!
Kaupanger Speidargruppe har eg snakka med. Dei har masse utstyr. Ein del av utstyret deira er oppteke den helga, men det gjenstår nok rikeleg til oss. Skal treffe lagersjefen på speidarlageret ein dag og gå over kva som er oppteke og ikkje.