Bensintørr, stor oppdatering, invitasjon og såpebobler

Har prøvd å ikkje oversvømme bloggen med innhald. Ikkje ein gong når vi gjekk bensintørr i embets medfør, la vi ut noko. No føler eg det er på tide. Vi har gjort masse dei to-og-ei-halv vekene som har gått sidan sist vi gav lyd frå oss.

Får ta det viktigste først, nemleg kva informasjon som er ny her på nettsida. Eg trur ikkje eg vil ramse opp alle endringane som er gjort. Vi har gjort større endringar på absolutt alle sidene. Sikkert like greit å lese gjennom alle på nytt 🙂

Men dei heilt nye sidene er i alle fall:

  • Invitasjon – Teksten her er den «offisielle» invitasjonen, og du finn den under biletet av den fysiske invitasjonen vi sendte i posten på torsdag. Mange av dei viktige tinga er beskrive der, korleis vi ser føre oss bryllaupet og kvifor vi vil ha deg med til Tungestølen 🙂
  • RSVP – Skjema for å sei ifrå at du kjem. Fyll det ut så snart du kan.
  • Fasilitetar – side med info og bilete av fasilitetane vi kjem til å ha tilgjengeleg på Tungestølen, samt ting som manglar.
  • Antrekk/bekledning – har vel eigentleg berre fått nytt namn, men var nesten utan innhald før.

Sånn, då har du lesestoff ei stund 😉

 

Får vel sei litt om kva vi har gjort på sidan sist og då. Det er ikkje berre nettside-greier.

Vi brukte ein del tid på å finne eit fint design på invitasjonskort til dåke. Vi fann først eit flott design som vi bestilte, men det var så mykje styr med «personleg tilpassing» at vi fann eit anana design/ferdig template som liknar på «Hald av datoen»-kortet.

Etter litt behandling i Adobe Illustrator, sa vi oss nøgde. Korta vart sjølvsagt trykka på den digitale HP Indigo-pressa på jobben til Anders.

 

Invitasjonane er no på veg i posten til deg!

Eller kanskje har du allereie fått den sidan dei gjekk frå Hafslo på torsdag?

Vi  har sendt 13 invitasjonar, og dei siste 3 har vi tenkt å levere personleg her i området no iløpet av helga 🙂

Gjestelista er lagt ut, og som det står: vi vil gjerne få lov til å skrive litt om dåke. Beste måten å gjere det på, er å legge det inn i RSVP-skjema, så no er det nokre spørsmål der du må svare på 🙂

Forøvrig har no søkemotorane fått beskjed om å ikkje indeksere gjestelista og opplastingane på sida her, slik at tekst og bilete som vert lagt ut der ikkje skal verte tilgjengeleg på Google og andre søketenester.

Sidan vi ikkje kan bruke confetti i naturen, har vi forska litt på såpebobler. Prøvde først å lage såpeboblemix med vatn, såpe og glyserin. Det fungerte ikkje spesielt bra. No dei siste vekene har vi testa forskjellige såper i ei ny oppskrift basert på guargummi, og nokre såpetypar ser ut til å utmerke seg.

Berre klikk på biletet for å få det større 🙂
Guargummisåpebobleforskinga seier til no at det er Yes! som er den beste såpa, etterfulgt av Zalo.

Guargummi ser ut til å gjere susen, men blandinga bør få stå ei god stund (eit døgn eller så) før den gjev godt resultat. Ein bør heller ikkje røre inn botnfallet før bruk. Såpeboblene vert store, sterke, ikkje sånn alt for tunge, og har eit fantastisk fargespel 😀

Så no gjeld det å forske på kva blandingsforhold ein bør ha på dei ulike ingrediensane, så får vi sjå om vi har såpebobledispensarar med heimelaga såpeboblemix til alle gjestane når det brakar laust 🙂

 

Og så til bensintørr-historia

Like etter sist oppdatering av bloggen, reiste vi inn til Tungestølen med DNT-nøkkel for å sjå innhaldet i sikringsbua til DNT Ung/BaseCamp. Det var ein fin og varm dag med fare for regn. Vi kosa oss på vegen inn, kom oss til bommen (no har vi kjøpt sesongkort for kr250,-) og starta på grusvegen siste biten inn til Tungestølen. Så sa Priusen *piiip*. Det gjekk nokre augneblikk før vi oppdagar kva som var galt. Det var ikkje setebeltet til Guro, men bensinlampa som lyste. *♪Dam-dam-dammmm♫*

Vi stoppa lett panikkslagne, og vurderte det så kritisk at vi måtte snu og returnere til Veitastrond i alle fall. Vi hadde ikkje sett nokon bensinpumpe der, men dei kan jo ofte vere litt bortgøymd på slike småplassar.

Som sagt så gjort. Vi kom oss tilbake til butikken på Veitastrond, som sjølvsagt var søndagstengd. I stadenfor å starte leiting med bensintørr bil, starta vi å kontakte folk. Med folk meiner vi eigentleg Knut Are og dei han evt kunne tipse oss om 😉 Kanskje dei visste om det var pumpe her, eller visste om nokon som hadde ei reservekanne med bensin. Det løyste seg ikkje, og det var heller ingen (les Knut Are) som kunne ta med ei kanne bensin inn dit på så kort varsel.

Etter mykje fram og tilbake, beslutta vi å ringe NAF. 

Han var på veg til Førde med ein annan bil, og kunne ikkje komme oss til unsetning på mange timar. Han tok imidlertid nokre telefonar for å finne nokon andre som kunne ta turen. 

Etter ei stund ringde han tilbake og gav beskjed om at no var det nokon på veg frå Kaupanger med ei kanne bensin, og kun få minutt etterpå fekk vi ein sporingslink på SMS 😀

Det hadde bygga seg opp eit visst «blæretrykk» medan alt dette pågjekk, så med sporingsappen i hand, tok vi oss ein spassertur langs hovudvegen for å finne ein fornuftig plass å lette på trykket.

Vi skulle ikkje spassere langt før vi fann ein fin plass, og traska deretter viare mellom gardane på Veitastrond ei stund. Når vi snudde oss, la Guro merke til regnskyene som var på veg dit frå Hafslo, så vi snudde tilbake til bilen og rakk akkurat å setje oss inn i bilen når regnet treffte.

Vi leid inga naud. Vi satt i bilen med regnet trommande på ruta, med heimebaka bollar, plomesylte og heit kaffi. Slik satt vi til NAF-mannen kom med 20 liter bensin på ei kanne, som han fylte på bilen medan regnet bøtta ned. Vi var litt usikker på om vi no «kunne» ta turen til Tungestølen alikavel, no som vi hadde fått oss nok bensin. Etter at NAF-bilen var godt ute av synet, snudde vi og køyrde til Tungestølen.

Resultatet finn du på Fasilitetar-sida i form av bilete frå hytta. Den er ikkje stor, og har berre to senger og ein sofa. Trur vi reserverer soveplassane til nokon som har spesielle behov for innesoving. Berre sei ifrå om de treng innesenger, så prøver vi å gjere ei vurdering på kven som treng det mest 🙂 Berre hugs at både overnatting og bruk av hytta kostar litt, og det enklaste er å ta med kontantar 🙂