Bensintørr, stor oppdatering, invitasjon og såpebobler

Har prøvd å ikkje oversvømme bloggen med innhald. Ikkje ein gong når vi gjekk bensintørr i embets medfør, la vi ut noko. No føler eg det er på tide. Vi har gjort masse dei to-og-ei-halv vekene som har gått sidan sist vi gav lyd frå oss.

Får ta det viktigste først, nemleg kva informasjon som er ny her på nettsida. Eg trur ikkje eg vil ramse opp alle endringane som er gjort. Vi har gjort større endringar på absolutt alle sidene. Sikkert like greit å lese gjennom alle på nytt 🙂

Men dei heilt nye sidene er i alle fall:

  • Invitasjon – Teksten her er den «offisielle» invitasjonen, og du finn den under biletet av den fysiske invitasjonen vi sendte i posten på torsdag. Mange av dei viktige tinga er beskrive der, korleis vi ser føre oss bryllaupet og kvifor vi vil ha deg med til Tungestølen 🙂
  • RSVP – Skjema for å sei ifrå at du kjem. Fyll det ut så snart du kan.
  • Fasilitetar – side med info og bilete av fasilitetane vi kjem til å ha tilgjengeleg på Tungestølen, samt ting som manglar.
  • Antrekk/bekledning – har vel eigentleg berre fått nytt namn, men var nesten utan innhald før.

Sånn, då har du lesestoff ei stund 😉

 

Får vel sei litt om kva vi har gjort på sidan sist og då. Det er ikkje berre nettside-greier.

Vi brukte ein del tid på å finne eit fint design på invitasjonskort til dåke. Vi fann først eit flott design som vi bestilte, men det var så mykje styr med «personleg tilpassing» at vi fann eit anana design/ferdig template som liknar på «Hald av datoen»-kortet.

Etter litt behandling i Adobe Illustrator, sa vi oss nøgde. Korta vart sjølvsagt trykka på den digitale HP Indigo-pressa på jobben til Anders.

 

Invitasjonane er no på veg i posten til deg!

Eller kanskje har du allereie fått den sidan dei gjekk frå Hafslo på torsdag?

Vi  har sendt 13 invitasjonar, og dei siste 3 har vi tenkt å levere personleg her i området no iløpet av helga 🙂

Gjestelista er lagt ut, og som det står: vi vil gjerne få lov til å skrive litt om dåke. Beste måten å gjere det på, er å legge det inn i RSVP-skjema, så no er det nokre spørsmål der du må svare på 🙂

Forøvrig har no søkemotorane fått beskjed om å ikkje indeksere gjestelista og opplastingane på sida her, slik at tekst og bilete som vert lagt ut der ikkje skal verte tilgjengeleg på Google og andre søketenester.

Sidan vi ikkje kan bruke confetti i naturen, har vi forska litt på såpebobler. Prøvde først å lage såpeboblemix med vatn, såpe og glyserin. Det fungerte ikkje spesielt bra. No dei siste vekene har vi testa forskjellige såper i ei ny oppskrift basert på guargummi, og nokre såpetypar ser ut til å utmerke seg.

Berre klikk på biletet for å få det større 🙂
Guargummisåpebobleforskinga seier til no at det er Yes! som er den beste såpa, etterfulgt av Zalo.

Guargummi ser ut til å gjere susen, men blandinga bør få stå ei god stund (eit døgn eller så) før den gjev godt resultat. Ein bør heller ikkje røre inn botnfallet før bruk. Såpeboblene vert store, sterke, ikkje sånn alt for tunge, og har eit fantastisk fargespel 😀

Så no gjeld det å forske på kva blandingsforhold ein bør ha på dei ulike ingrediensane, så får vi sjå om vi har såpebobledispensarar med heimelaga såpeboblemix til alle gjestane når det brakar laust 🙂

 

Og så til bensintørr-historia

Like etter sist oppdatering av bloggen, reiste vi inn til Tungestølen med DNT-nøkkel for å sjå innhaldet i sikringsbua til DNT Ung/BaseCamp. Det var ein fin og varm dag med fare for regn. Vi kosa oss på vegen inn, kom oss til bommen (no har vi kjøpt sesongkort for kr250,-) og starta på grusvegen siste biten inn til Tungestølen. Så sa Priusen *piiip*. Det gjekk nokre augneblikk før vi oppdagar kva som var galt. Det var ikkje setebeltet til Guro, men bensinlampa som lyste. *♪Dam-dam-dammmm♫*

Vi stoppa lett panikkslagne, og vurderte det så kritisk at vi måtte snu og returnere til Veitastrond i alle fall. Vi hadde ikkje sett nokon bensinpumpe der, men dei kan jo ofte vere litt bortgøymd på slike småplassar.

Som sagt så gjort. Vi kom oss tilbake til butikken på Veitastrond, som sjølvsagt var søndagstengd. I stadenfor å starte leiting med bensintørr bil, starta vi å kontakte folk. Med folk meiner vi eigentleg Knut Are og dei han evt kunne tipse oss om 😉 Kanskje dei visste om det var pumpe her, eller visste om nokon som hadde ei reservekanne med bensin. Det løyste seg ikkje, og det var heller ingen (les Knut Are) som kunne ta med ei kanne bensin inn dit på så kort varsel.

Etter mykje fram og tilbake, beslutta vi å ringe NAF. 

Han var på veg til Førde med ein annan bil, og kunne ikkje komme oss til unsetning på mange timar. Han tok imidlertid nokre telefonar for å finne nokon andre som kunne ta turen. 

Etter ei stund ringde han tilbake og gav beskjed om at no var det nokon på veg frå Kaupanger med ei kanne bensin, og kun få minutt etterpå fekk vi ein sporingslink på SMS 😀

Det hadde bygga seg opp eit visst «blæretrykk» medan alt dette pågjekk, så med sporingsappen i hand, tok vi oss ein spassertur langs hovudvegen for å finne ein fornuftig plass å lette på trykket.

Vi skulle ikkje spassere langt før vi fann ein fin plass, og traska deretter viare mellom gardane på Veitastrond ei stund. Når vi snudde oss, la Guro merke til regnskyene som var på veg dit frå Hafslo, så vi snudde tilbake til bilen og rakk akkurat å setje oss inn i bilen når regnet treffte.

Vi leid inga naud. Vi satt i bilen med regnet trommande på ruta, med heimebaka bollar, plomesylte og heit kaffi. Slik satt vi til NAF-mannen kom med 20 liter bensin på ei kanne, som han fylte på bilen medan regnet bøtta ned. Vi var litt usikker på om vi no «kunne» ta turen til Tungestølen alikavel, no som vi hadde fått oss nok bensin. Etter at NAF-bilen var godt ute av synet, snudde vi og køyrde til Tungestølen.

Resultatet finn du på Fasilitetar-sida i form av bilete frå hytta. Den er ikkje stor, og har berre to senger og ein sofa. Trur vi reserverer soveplassane til nokon som har spesielle behov for innesoving. Berre sei ifrå om de treng innesenger, så prøver vi å gjere ei vurdering på kven som treng det mest 🙂 Berre hugs at både overnatting og bruk av hytta kostar litt, og det enklaste er å ta med kontantar 🙂

 

 

 

Prisauke og abonnering på sida

17.mai er overstått, og no er vi i pinsa og driv med bryllaupsførebuing. Dreiv forsåvidt også med bryllaupsførebuing på Grunnlovsdagen også, og oppdaga til vår forskrekkelse at vi hadde bomma litt på leige av Tentipi-telt. Hadde visst ikkje oppdaga at alle prisar er utan MVA, noko som gjer dette ca 1/4 dyrare. Det vil sei at vi må kutte ned på kor mykje vi leiger 🙁

Men Tentipi-telt vert det, og eit lite dansegolv. Berre slapp av folkens :p

Har no lagt til ein modul her som gjer at du kan få epost når vi legg ut noko nytt i blogg-delen. Sidan vi legg ut i bloggen kvar gong vi gjer oppdateringar ellers på sida, kan du halde deg oppdatert med eit abonnement:

Berre legg inn namnet ditt, epostadressa di, og trykk på Abonner. Då kjem det ein e-post i postkassa di der du må klikke på ein link for å bekrefte abonnementet.

Litt seinare i dag kjem vi til å sende ut ein epost til den den ikkje heilt komplette gjestelista. Den linkar til sida her, slik at de kan halde dykk oppdaterte 🙂

Nye sider, tentipi booka, og er det hytte der alikavel?

Nytt innhald

Vi må få sendt ut ein epost til alle gjestene med info om overnatting. Eller, skal vel eigentleg sende ein epost med link til informasjon på nettsida, har vi tenkt.

Overnatting – Informasjon om overnatting
Servering – Kva mat må du ta med deg? 😉
Timeplan – Grov plan for bryllaupet
Pakkeliste – Ein førebels liste med ting gjestane må ta med

Og ønskelista har blitt oppdatert litt også.

Elles

Vi bestemte oss for at gjestane veit sjølv best kva dei likar å grille. Altså må alle gjestane stille med eigen grillmat. Men vi stiller med grillar. Bilete av grillane ser du under servering.

Tentipi er booka hjå Aktiv-i-Lom. Jan, ein triveleg kar som jobbar der, forklarar villeg. Førebels har vi ikkje bestemt oss for kva ekstra vi skal leige i tillegg til ein Tentipi, men sjølve forsamlingsteltet er altså booka 😀

Og så har vi fått beskjed frå han hyggelege Gaute i DNT Oslo at det _er_ ei lita hytte i tilknytting til BaseCamp-området der vi skal vere. Det er imidlertid svært usikkert om det er DNT-nøkkel til denne, men han skal sjekke og komme med tilbakemelding til oss. Tusen takk Gaute 🙂

Slik ser BaseCamp-hytta ut. Så gjenstår det å sjå om der er DNT-nøkkel til den eller ikkje.

I tillegg har eg starta med å lage klar RSVP-skjema, men dette skjema vert ikkje publisert før gjesteliste og innbydingane er klar.

Var også innom lageret til Kaupanger Speidargruppe ilag med Erling i går. Vi har kartlagt kva utstyr vi skal ha med oss derfrå. Det vert mykje!

Så langt kom vi, og nytt innhald på sida

Her på tysdag 01. mai tenkte vi å ta oss ein biltur. Vi køyrde heimafrå Hafslo, og tenkte nett å inspisere området der bryllaupet skal vere. Vi vart møtt av dette:

Vegen stengd av snø
Snøen låg tjukt då vi skulle inn for å inspisere.
Her stoppa vegen brått.

So langt, men ikkje lenger. Trur vi kan vente ei stund før vi prøver å reise inn att.

La forresten ut nåke på sida her. Du finn no sida «Finne fram» under «Om bryllaupet». Der er det no eit kart og ein video som viser vegen dit bryllaupet skal vere. Enj0y!

Om de får problem med at videoen hakkar, er det lagt ut ein video i litt dårlegare kvalitet 🙂

Planlegging i startfasen

I februar spikra vi dato for bryllaypet, i dialog med presten Erling Nydal som Guro har tilknytting til. Dato vert altså 04.august 2018.

«Hald av datoen»-kort er laga og sendt ut, kanskje litt i seinaste laget.

Vi har lyst å ha bryllaupet på Tungestølen. Det tykkjer også presten er bra 🙂

Vi stressar endå ikkje, men det er jo på tide å få avtalt bruk av området vi ynskjer å vere. Har vore i kontakt med kartverket for grunnbokutskrift, formann i grunneigarlaget, DNT Luster, DNT Oslo og omegn, og alle er positive. Imidlertid vert vi sendt litt rundt for å få gjort dei rette avtalane med dei rette folka. Håpet er å få låne området der DNT Oslo og omegn arrangerer BaseCamp, med god plass til telt og toalettfasiliteter.

Har også avtalt lån av ein heil del utstyr med Kaupanger Speidargruppe som Anders er med i. Det vil vise seg på sikt kva utstyr som skal lånast derfrå.

Det var det for no, så får vi prøve å skrive litt her i ny og ne framover.