Wikipedia:
«RSVP: «Répondez s’il vous plaît», en fransk frase som kan oversettes til «vær så snill og svar».«
Svarfrist: seinast torsdag 26.07.2018 (litt over ei veke før bryllaupet)
Status: 14 har svart (av 36 vaksne og 9 born), så sjekk her om du har svart!
Dette er ikkje eit heilt vanleg bryllaup. Sidan det vert lagt opp som ein speidarleir, treng vi å få vite ein del ting. Difor har vi laga eit ikkje heilt vanleg skjema 😉
Vi ville eigentleg lage ein liten pressentasjon av kvar gjest. Det har vi droppa, då folk har ein tendens til å la være å svare i staden. Det er sjølvsagt meir krevande å fylle ut eit skjema med ein heil masse spørsmål om seg sjølv, og nokon lagreknapp var det jo ikkje der. Tiltaket vert dessutan større neste gang ein skal prøve seg på å fylle ut skjema. Det er difor ikkje lenger spørsmål om deg i RSVP-skjema. Vi har imidlertid kost oss med svara de gav 🙂
Vi håpar du så snart som råd kan ta deg tid til å svare på skjema. Eg vil tru det tek deg ca 5min å lese og svare på alt no etter at «Om deg»-delen er teke vekk.
Det må fyllast ut eit eige skjema for kvar person som skal delta i bryllaupet, og dette inkluderer dei borna du tek med deg også. Det går fortare for kvar gong du fyller ut skjema 😉
Innbygging av skjema fungerer somregel alltid litt dårleg. Vi prøvde, men det oppførte seg så ulogisk. Difor kan du åpne skjema for seg sjølv i staden. Det åpnar seg i ny fane, og er kompatibelt med mobil.