Ønskjeliste

Det vi ønskjer oss er at gjestane kosar seg i vårt litt utradisjonelle bryllaup. Sidan vi ber dykk om å ta med eigen mat til middagen og dei fleste av dykk må reise langt (og nokre lenger enn langt) så ønskjer vi oss ikkje meir enn akkurat det.  At de kjem er gåve meir enn god nok. 

Nokon har kviskra oss i øyret at det er lurt å ha noko på ønskjelista likevel, i tilfelle nokon har lyst til å gje ei gåve uansett 🙂 I det tilfellet ønskjer vi oss pengar til bryllaupsreisa (som etter planen er roadtrip til Nord- Norge, med kajakk på taket).

Eller, om du har ein «uforståelig trang» (som Anders kallar det) til å gje oss noko fysisk så  ønskjer vi oss hekk, type Alperips. Elles finn du berre på noko sjølv 😉

(Kontonummer 3705.31.01896.)