Torsdag
Tentipien kjem, og vi er godt i gang med rigging av leiren allereie.
Fredag
Telta er klar til innflytting. Kom gjerne då 🙂
Laurdag
11:30
– Oppmøte og noko lite å bite i.
– Få tildelt telt/teltplass.
– Få matvarer i bekken/elva til kjøling.
– Skifte kle?
– Gå frå campen til vigselsområdet (vi vil helst ha så få bilar på vigselsområdet som mogleg).
12:30
– Vigsel og såpebobler 🙂
13:30 (ca.?)
– Rusle tilbake til camp-området.
– Flytte inn i / sette opp telt.
– Leikar, spel og meir såpebobler.
– Vente på at brudeparet er ferdig med fotografering.
– Fyre i grillane når Therese får oppkall på radioen.
15:00 (ca.)
– Middag.
17:00 (ca.)
– Kaffi.
– Taletid for dei som vil.
18:00 (eller når vi er ferdig med kaffien)
– Brudevals og dans.
– Meir kaffi for dei som vil.
– Konversering.
– Leik, morro, lese bok, spele spel, blåse såpebobler.
– Bålkos (dersom vi får lov med brannvesenet, det er tørt!)
Utpå kvelden
– Nattmat.
– Meir kaffi.
– Meir dans.
– Meir konversering.
– Meir leik, morro, lese bok, spele spel, blåse såpebobler.
– Meir bålkos (dersom vi får lov med brannvesenet, det er tørt!)
Utpå natta
– Legge seg, god natt 🙂
Søndag
Morgon
Dei som står opp først finn fram frukost og sånn.
Formiddag
– Pakke ned.
– Reise heim.
Fint om de har tid å hjelpe oss litt før de reiser. Alt unnateke Tentipien skal pakkast ned. Om du for eksempel pakkar ned teltet du sov i, er det til stor hjelp. Om du har rikeleg tid til overs, treng vi også hjelp med nedrigging av bordet, vasking av toalettet og sikringsbua, få lessa benkar, bord, stolar og telt i bilar/hengarar etc.