Overnatting

Bryllaupet foregår ute, både vielse, fest og overnatting.
Det vert difor overnatting i telt 😀

Har du ikkje telt?
Ingen fare! Vi set opp 10 store tunneltelt med ståhøgde, som vi får låne av Kaupanger Speidargruppe.

Fleire bilete her.

Telta vert truleg sett opp onsdag eller torsdag, så kom gjerne fredag! Sjå timeplan.

I kvart telt bereknar vi å innlosjere 3 personar, fordelt på 2 innertelt. Produsenten reknar 2 i den minste delen og 4 i den største. Dei to delane har stor felles gang på midten. Det bør altså vere rikeleg god plass til 1+2 i kvart telt.

Vi kan elles ta med opp til 12 feltsenger til dei som ynskjer litt «Glæmping».

Har du telt?
I RSVP-skjema veljer du type overnatting. Ynskjer du å ta med telt sjølv, spesifiserer du det der. Då er det fint om du veit omtrent kor stort det er, slik at vi set av plass til deg 🙂

Andre overnattingsmoglegheiter
DNT hadde ei hytte her inne. Den blåste over ende og vart totalskadd under Dagmar i 2011. «Nye Tungestølen» vert truleg oppført i 2019. Ingen DNT-hytte å overnatte i med andre ord.

Så, om du absolutt ikkje vil bu i telt, har vi oppretta eit kart på Google myMaps med litt informasjon. Der finn du info om dei næraste overnattingsmoglegheitene. Bakdelen er at det dei som ligg nærast (Hafslo gjestehus, Eikum og Bestebakken) ligg ca 1t unna bryllaupet. Er det plass hjå Hafslo Gjestehus, anbefalar vi overnatting der. Sjå kart i Google myMaps for bookingadresse.

Vi har ikkje gjort avtale med noko hotell, så «you’re on your own». Garantert lurt å bestille snart 🙂