Mat

Før du kjem (laurdag)

Hugs å ete før du kjem, det kjem til å gå nokre timar frå du kjem fram til Tungestølen til vielsen, fotografering er ferdig og vi er klare til å ete grillmat. Det kjem også til å vere noko småmat når de kjem til Tungestølen.

Middag (laurdag)

Vi tek med grillar, du tek med det du vil legge på grillane 🙂

Kaupanger Speidargruppe låner oss nokre store flotte grillar. Vi tek med 2, eller kanskje 3. Dei vert plassert under tak i nokre «kiosk»-telt som vi også låner med oss derfrå.

Vi tar med to eller tre slike grillar til middagen i bryllaupet.

For deg som var på «30+30=60års-lag» i 2014:
Bryllaupsmiddagen vert noko tilsvarande, berre med mykje meir plass på grillen og færre inviterte.

For deg som ikkje var på arrangementet over:
Grillane vert kveikte, og du grillar sjølv det du vil ete. Det vert fritt bordsete, og du går fritt mellom bord og grill.

Speidarane sit å et ved bordet vi skal låne til bryllaupet. Her med presenning som tak.
Det same bordet, berre utan tak.
Her driv nokre speidarar på å montere bordet.

Kaffi (laurdag)

Det vert sjølvsagt kaffi og noko godt å bite i. Vi samlast i eit innleigd Tentipi-telt til kaffien. Har du lyst til å halde tale, er det her du får sjansen til det.

Med vindu frå utsida. Vi skal rett nok berre ha eit telt, men prinsippet er det same.

Det vert også dans i teltet på kvelden 🙂

Nattmat (laurdag)

Pølser, brød og lomper.

Frukost (søndag)

Til frukost vert det havregrynsgraut, egg-og-bacon, brød og pålegg til alle.

Drikke

Vi tek med ein del vatn, saft, mineralvatn og sikkert litt brus. Det ikkje drikkevatn i elva ved sidan av campen, så det er lurt å ta med seg litt vatn saman med maten. Vi er ellers så heldige at Torleif og Tomas har lyst å brygge øl til bryllaupet. Er det andre ting du har lyst på, er det fritt fram å ta med sjøl.

Vi ber forøvrig om at de tek litt hensyn angåande mengde alkohol. Brudeparet ynskjer ikkje grøftefyll. Sjøslaget tek de att ved eit seinare høve 🙂 I tillegg kjem det truleg til å vere born tilstades, som ikkje treng å oppleve fjortisfylla med vaksne folk.