Ekstern link til kart (lag bokmerke av denne på mobilen)
Kart
Her er førehandsvisning av ein Google myMaps (frittståande kart opnast i nytt vindauge) som vert kontinuerleg oppdatert.
Kartet vert løpande oppdatert. Bokmerk kartet gjerne på mobilen 🙂
Google Maps kan lagre kart som du kan bruke når du mister mobildekninga. Det er ingen mobildekning på Tungestølen, så sikkert greit å legge kartet offline.

Video
Anders har mekka ein litt kul video i Google Earth. Den viser vegen fram til Tungestølen. Først åpnar den med å vise oversiktsbilete av vegen frå Sogndal til Tungestølen, så tek den deg med gjennom dataanimert landskap fram dit bryllaupet skal vere.
Om den hakkar litt, kan du sjå den her i staden i litt dårlegare kvalitet.
Kollektivtransport
Den næraste flyplassen heiter Sogndal lufthamn, Haukåsen (SOG). Køyring derfrå til Tungestølen tek nesten 2 timar (1t 55min). Det går flybuss til Sogndal, og lokalbuss viare til Hafslo. Sjekk kringom.no for busstider.
Frå Hafslo til Tungestølen må du bli henta eller ta taxi. I priskalkulatoren slår du inn Hafslo barne- og ungdomsskule, og Tungestølen Turisthytte. Prisen havnar på ca 1700, og truleg er det Luster drosjesentral (Tel.57681620) som tek oppdraget.