Fasilitetar

Manglar
Medbrakt
På staden
Anna:

Manglar

Mobildekninga sluttar ca 1km før du kjem til Tungestølen. Vi tek med VHF for intern kommunikasjon, samt Nødnetterminal for å kunne få tak i verda rundt oss. Når du kjem hit, er det sikkert lurt å setje mobilen i flymodus, så du ikkje går tom for straum til å ta selfies utover kvelden 🙂
Drikkevatn er det lite av. Elvane her inne er fulle av brevatn, og det går kyr i området. Det er difor ikkje reint drikkevatn her. Det er gryter til å koke vatn, men det tek tid. Vi tek med dunkar med drikkevatn, men fint om du og tek med vatn 🙂
Hytte er det ikkje der, då den blåste ned under Dagmar i 2011. Det er imidlertid ei lita sikringsbu med standard DNT-nøkkel, men her administrerer brudeparet dei 3 sengeplassane. Les meir her.
Sjølvsagt manglar det kjøleskåp. Om du er litt lur, tek du med eit bærenett (gjerne i tøy om innpakkinga av matvarene toler vatn) som du kan knyte att og legge i elva/bekken som går rett ved Tentipien og teltplassen. Vi stiller med hyssing og noko å feste hyssingen i, så straumen ikkje tek det 🙂
Pumpe for drivstoff har dei ikkje i Veitastrond, sjølv om mange sikkert har ei dieselkanne eller to ståande. Om du er i tvil; fyll opp tanken før du reiser innover. Næraste bensinstasjonar er ein time unna, nemleg YX og Esso på Hafslo.
Straum er mangelvare. Vi tek med eit agregat om det vert krise, men dette bråkar fælt og skal eigentleg brukast til andre ting.

Medbrakt

Tentipi

Vi får tilkøyrt ein Tentipi frå firmaet «Aktiv i Lom». Dette er ein slags svær lavo på 80m².

Tentipi utan vindauge Tentipi vindauge To tentipi med vindauge Tentipi bålkos med vindauge
Slik ser ein Tentipi ut, med ein tredjedel løfta front. Den på biletet har ikkje vindu, noko vi skal ha i vår. Her er frå innsida av ein Tentipi med vindauge. Her er det rett nok to Tentipiar som er slått saman, men dei illustrerer greit korleis vindauga fungerer. Og så skal vi ha bålgryte _inne_ i Tentipien på kvelden, så ta med kle som tålar bållukt.

Dersom veiret ikkje let oss sitte ute utover kvelden, kjem vi til å ha kaffimaten inne i Tentipien. Her er det plass til bord og stolar, eit lite dansegolv og eit lite serveringsbord.

Vi kjem til å varme opp teltet med bål og gass, og om vi sitt litt intimt, skal vi nok klare å halde varmen trass i den kalde trekken frå Jostedalsbreen du ser inn to av dalane rundt oss.

Festbord

Vi låner matbordet som Kaupanger Speidargruppe pleier å ha med seg på leir.

Matbordet til Speidarane med tak Matbordet til Speidarane utan tak Montering av matbordet
Her sit speidarane å kosar seg ved matbordet. Det er litt trangt, men koseleg. Preseningen kan elles trekkast heilt ned til bakken på eine sida dersom det er vind eller regnar horisontalt. Slik ser bordet ut utan presening på taket. Her held nokre speidarar på å montere matbordet.

Dette vert middagsbord, og bord til å spele kort  eller drive med andre ting.

Under middagen vert det fritt bordsete, og du går til og frå som du vil.

Grillar

Vi stiller med grillar, du stiller med det som skal leggast på 🙂

Grillar Kiosktelt
Her er ein grill i drift for å grille kylling til ca 65 speidarar. Pølsebodtelt er kjekt å ha. Her er det berre med tak, men det kan også monterast sider på det.

Vi tek med to slike grillar i bryllaupet, samt store mengdar med grillkol.

Camp-utstyr

Vi tek med kiosktelt, oppvaskkummar, gryter, steikepanner, bord, kokeaparat, leiker, etc.

Telt til overnatting

Om du låner telt med oss, ser dei slik ut. Det er romslege telt med plass til 6 personar i to vestibylar. Les meir om overnatting her.

Telt i skumring Telt i dagslys Inngangspartiet
Slik ser telta vi stiller med ut. Her er telta nesten heilt ny, og med på landsleir i 2009. Her held tre speidarar på å sette opp det eine innerteltet. Dei er nok ikkje så gamle dei som står her inne, så ikkje la høgda deira lure deg 🙂

Søndag 01.07. var vi på Kaupanger for å ta bilete av telta. Vi har berre slått opp eit heilt provisorisk på nåke grus bak speidarlageret, så har ikkje montert innertelta. Du ser kvar grensa skal gå med banda på golvet.

Inngang ute Inngang inne Lille sovedelen
Det er inngang på begge sider. Her har du eine inngangen. Her ser du omtrent kor breid inngangen er. Den lille sovedelen er ikkje så liten. Her ser du betre at det er full ståhøgde.

 

Store sovedelen Plantegningar Store sovedelen

Det er meininga å kunne ligge denne vegen i store delen. Her har du alle måla på telta. Det er romsleg i den store delen.

Vi har berre 10 av desse, så håpar nokon tar med telt sjølv 🙂

På staden

Område: Vigsel

Området er ikkje 100% bestemt, men vert truleg som i kartet.

Område: BaseCamp

Festbord: til venstre for grua.
Tentipi: skal setjast opp til høgre for grua.
Hytta: I utgangspunktet ikkje i bruk.
Utedassen: Lille raude og kvite prikken midt i biletet.
Parkering: Mellom campingbilen og transporteren min.
Teltplass: På den lisje forhøginga i terrenget heilt til venstre i biletet.

Område: Parkering

Forklart over.

Bygg: Utedass

Kommunal utedass Inngangsdør Gang
Bygg oppført av kommunen med tre utedass-båsar. Her er inngangen. Og dei tre dørene som går inn til båsane.
Den første båsen Lageret Vi held det reint
Her er den første båsen. Dei andre er omtrent heilt like. Lageret med dopapir, meir sprit, nye sekkar til søppelspanna etc. Og ein instruks for vask av toalett. Vi hald den rein sjølv!

Utedassen er bra! Dei har utnytta plassen godt, men den føles noko trang.

Vi held toalettet reint sjølv, og går over den før vi reiser derfrå. Vi kjem til å spørje etter frivillege som kan ta utedass-duty før vi reiser.

Bygg: Mini DNT-hytte / sikringsbu

BaseCamp sikringsbu Gang til venstre for døra Gang til høgre for døra
Her sit Guro utanfor sikringsbua til BaseCamp. Litt kjøkkengreier til venstre for døra når du kjem inn. Papir, hyttebok, besøksprotokoll etc til høgre før døra når du kjem inn.
Rom til venstre for døra Rom til høgre for døra Prisar
Køyseng til venstre for døra når du kjem inn. Sofa og eit lite bord til høgre for døra når du kjem inn. Oversikt over prisar.
(du må betale sjølv)

Obs: vi administrerer sengene her! Kontakt oss om du treng seng.
Skal du inn og benytte deg av dei andre fasilitetane hytta byr på, kostar det «Dagsbesøk».

Anna

Sette opp eige telt andre plassar

Vi har fått låne området til BaseCamp, og har tillatelse frå alle grunneigarane til å ha bryllaupet her. Det vil også sei at dei telta vi tek med må setjast opp på området som er avtalt med grunneigarane.

Om du vil litt vekk frå bråket i Camp-området, er det ingenting i vegen for å ta med eige telt som du set opp ein annan plass. Det er svært mange gode teltplassar her, så null stress å finne seg eit flatt og fint område. Allemannsretten gjeld altså for deg, men ikkje for «arrangøren» 😉

Bomveg

Bomveg Porten Pris
I dette skuret må du betale. Herfrå er det 5min å køyre til Tungestølen der vi skal vere. Her er porten. Personbilar kostar kr 50.