Antrekk/bekledning

Kleskode: uformelt. Og då meiner vi uformelt:) Dette bryllaupet er jo eigentleg berre ein litt oversized telttur.

Bryllaupet er utandørs, og i tråd med fjellvettreglane må vi kle oss etter vêr og forhold:) Det vil seie at det i stor grad er praktiske og varme klede som er tingen. Sjekk Yr/Storm/Pent før du pakkar:) Forhåpentligvis vert det fint vêr og sol, men sidan Tungestølen ligg inne i fjellheimen og har ein isbre som næraste nabo så vert det truleg ikkje kjempevarmt heile dagen sjølv om det blir fint vêr. Vi har Tentipi og den kjem vi til å ha det både tørt og varmt i uansett, men om brudeparet får det som dei vil kjem vi til å vere mykje ute.

Under vielsen

For damene

  • Om vêret er bra: sommarkjole, skjørt, bukse og ein topp – noko du føler deg fin i , men som ikkje er kostbart og som kan brukast ute. Dyre kjolar og bunadar kan sparast til eit anna høve;) Tenk H&M i staden for Ricco Vero.  Du kan ikkje komme i feil farge, her er alt lov:) Det er kjekt om du kler deg i fargar i staden for svart, men det er ikkje noko must. Det er lurt å ha med seg ei jakke, eit sjal eller likande så du ikkje vert kald.
  • Om vêret er surt: uteklede/friluftsklede, dvs. tjukk gensar, bukse osv. Om vêret blir krise held vi vielsen i Tentipien 😉
  • Sko: det du har lyst til å gå med, men høghælte sko er ikkje anbefalt. Vielsen er utandørs, så skoa må tole det, og du må ikkje fryse:)

For karane

  • Om vêret er bra: skjorte og eller  gensar og ei enkel bukse. Dressen kan ligge att heime.
  • Om vêret er surt: uteklede/friluftsklede, dvs. tjukk gensar, bukse osv. Om vêret blir krise held vi vielsen i Tentipien 😉
  • Sko: det du har lyst til å gå med, men dressko er ikkje anbefalt. Vielsen er utandørs, så skoa må tole det og du må ikkje fryse:)

Brudeparet sine antrekk

  • Under vielsen kjem Guro etter planen til å ha på seg ein lang kjole, men denne er second hand og ikkje dyr eller fancy. Kjolen er i oransje og grøntonar. Anders kjem til å gå med ei enkel lys bukse, lys skjorte og bukseselar.

Resten av dagen og kvelden:
Etter vielsen har vi tenkt at «kleskoden» er uteklede/friluftsklede. Du kan sjølvsagt fortsetje å gå med det du gjekk med undervielsen om du har lyst til det, men her er det fritt fram for å skifte til noko endå meir komfortabelt. Dette kjem jo sjølsagt også an på veret, så vi tek det som det kjem. Uansett: ta med deg klesbyte og sjå pakkelista for tips. Om du går med «småsko» i vielsen er det anbefalt å ta med eit ekstra par varmare sko som du kan bytte til. OBS: alle kleda du går med etter vielsen kjem til å lukte bål 😉

Vi kjem til å ta med oss ein god del ullklede, regnklede, tjukkesokkar osv., så om du har gløymt noko eller oppdagar at du har pakka litt for lite så skal du sleppe å fryse:)

Vi kjem til å sette opp ein lavvo («brudelavvoen») som kan brukast til å skifte i, og elles er telta som vi set opp til overnatting er romslege nok til at det går fint å skifte der også.

Natta: 

Du bestemmer sjølvsagt kva du skal sove i, men eit heitt tips er at ull- eller superundertøy kan vere godt å ha på i soveposen 🙂

Etterkvart kjem det eit eige punkt på pakkelista med kortversjonen av denne informasjonen.