Sjå invitasjonen for skildring av plassen, bryllaupet og oppsummering av det viktigaste på sida (nederst).
- Når?: laurdag 04. august 2018 kl 11:30
- Prest: Erling Nydal
- Stad: Tungestølen
- Brud: Guro
- Forlovar(ar): Cecilie (975 22 620) og Lene
- Brudgom: Anders
- Forlovar: Øyvind (918 33 584)
Dette vert ikkje noko tradisjonelt bryllaup 🙂 Vielse, middag og fest vert ute på Tungestølen. Overnatting blir i telt (lån gjerne eit av oss), og vi grillar til middag (ta med grillmat!).
Vi held arrangementet barnevenleg, så ta gjerne med din(e) unge eventyrar(ar) som tykkjer det vert spanande med ei natt eller to i telt. Vi tek med litt spel og leikar så vi kan halde oss aktivisert.
Vi er ellers så heldige at Torleif og Tomas har lyst å brygge øl til bryllaupet. Vi ber forøvrig om at de tek litt hensyn angåande mengde alkohol. Brudeparet ynskjer ikkje grøftefyll. Sjøslaget tek de att ved eit seinare høve 🙂
Arrangementet vert ei kryssing mellom telttur og grillfest. Du finn meir informasjon om opplegget ved å lese gjennom alle undersidene. Start med å lese gjennom invitasjonen.