Utdrikkingslag og det nermar seg!

Ja, no er det berre litt over ei veke igjen til bryllaupet. Eg trur vi har kontroll, og det som ikkje er planlagt no, får vi prøve å improvisere når det nermar seg. Bryllaup vert det 🙂

Skulle eigentleg ha skrive noko her for 10 dagar sidan då vi la ut pakkelista og sida om talar. Dessverre måtte vi nedprioritere det til fordel for viktigare bryllaupsrelaterte ting. Reknar ikkje med de har starta pakkinga endå, så vi er vel endå innafor fristen.

Mange har svart på RSVP-svarskjema, men trur vi er under halvparten endå. Tenkte det var lurt å sende ut info om at fristen straks er ute. Den informasjonen hadde vi planlagt å sende ut sist helg, men då vart det utdrikkingslag både for brud og brudgom.

Utdrikkingslaga til begge to var stor suksess! Brudgom var meir uvitande om sitt lag enn det bruda var. Det var stas! Tusen takk for flott helg for for begge!

Her kjem bilete frå brudgom sitt utdrikkingslag:

Kongen sjølv
Paintball
Bading
Gocart
Handel på «gullstol»
«Kongevegen» mot grillhytta i Stongfjorden
Kongeleg mjølkevogn
Kongeleg mjølkevogn 2
Grillmester Håvard
Uttafor grillhytta
Inne i grillhytta
Middag
Middag 2
Bål
Grillhytte og teltet
Heim att
Kongeleg vink

 

No har vi sendt epost og SMS til alle som Anders har epost og telefonnr til. Svarfristen er i morgon (torsdag 26.07.). Vi saknar oversikt over kven som kjem eller ikkje i høve innkjøp, og til helga startar pakkinga av telt og utstyr.

Siste innspurt vert travel!

 

Bensintørr, stor oppdatering, invitasjon og såpebobler

Har prøvd å ikkje oversvømme bloggen med innhald. Ikkje ein gong når vi gjekk bensintørr i embets medfør, la vi ut noko. No føler eg det er på tide. Vi har gjort masse dei to-og-ei-halv vekene som har gått sidan sist vi gav lyd frå oss.

Får ta det viktigste først, nemleg kva informasjon som er ny her på nettsida. Eg trur ikkje eg vil ramse opp alle endringane som er gjort. Vi har gjort større endringar på absolutt alle sidene. Sikkert like greit å lese gjennom alle på nytt 🙂

Men dei heilt nye sidene er i alle fall:

  • Invitasjon – Teksten her er den «offisielle» invitasjonen, og du finn den under biletet av den fysiske invitasjonen vi sendte i posten på torsdag. Mange av dei viktige tinga er beskrive der, korleis vi ser føre oss bryllaupet og kvifor vi vil ha deg med til Tungestølen 🙂
  • RSVP – Skjema for å sei ifrå at du kjem. Fyll det ut så snart du kan.
  • Fasilitetar – side med info og bilete av fasilitetane vi kjem til å ha tilgjengeleg på Tungestølen, samt ting som manglar.
  • Antrekk/bekledning – har vel eigentleg berre fått nytt namn, men var nesten utan innhald før.

Sånn, då har du lesestoff ei stund 😉

 

Får vel sei litt om kva vi har gjort på sidan sist og då. Det er ikkje berre nettside-greier.

Vi brukte ein del tid på å finne eit fint design på invitasjonskort til dåke. Vi fann først eit flott design som vi bestilte, men det var så mykje styr med «personleg tilpassing» at vi fann eit anana design/ferdig template som liknar på «Hald av datoen»-kortet.

Etter litt behandling i Adobe Illustrator, sa vi oss nøgde. Korta vart sjølvsagt trykka på den digitale HP Indigo-pressa på jobben til Anders.

 

Invitasjonane er no på veg i posten til deg!

Eller kanskje har du allereie fått den sidan dei gjekk frå Hafslo på torsdag?

Vi  har sendt 13 invitasjonar, og dei siste 3 har vi tenkt å levere personleg her i området no iløpet av helga 🙂

Gjestelista er lagt ut, og som det står: vi vil gjerne få lov til å skrive litt om dåke. Beste måten å gjere det på, er å legge det inn i RSVP-skjema, så no er det nokre spørsmål der du må svare på 🙂

Forøvrig har no søkemotorane fått beskjed om å ikkje indeksere gjestelista og opplastingane på sida her, slik at tekst og bilete som vert lagt ut der ikkje skal verte tilgjengeleg på Google og andre søketenester.

Sidan vi ikkje kan bruke confetti i naturen, har vi forska litt på såpebobler. Prøvde først å lage såpeboblemix med vatn, såpe og glyserin. Det fungerte ikkje spesielt bra. No dei siste vekene har vi testa forskjellige såper i ei ny oppskrift basert på guargummi, og nokre såpetypar ser ut til å utmerke seg.

Berre klikk på biletet for å få det større 🙂
Guargummisåpebobleforskinga seier til no at det er Yes! som er den beste såpa, etterfulgt av Zalo.

Guargummi ser ut til å gjere susen, men blandinga bør få stå ei god stund (eit døgn eller så) før den gjev godt resultat. Ein bør heller ikkje røre inn botnfallet før bruk. Såpeboblene vert store, sterke, ikkje sånn alt for tunge, og har eit fantastisk fargespel 😀

Så no gjeld det å forske på kva blandingsforhold ein bør ha på dei ulike ingrediensane, så får vi sjå om vi har såpebobledispensarar med heimelaga såpeboblemix til alle gjestane når det brakar laust 🙂

 

Og så til bensintørr-historia

Like etter sist oppdatering av bloggen, reiste vi inn til Tungestølen med DNT-nøkkel for å sjå innhaldet i sikringsbua til DNT Ung/BaseCamp. Det var ein fin og varm dag med fare for regn. Vi kosa oss på vegen inn, kom oss til bommen (no har vi kjøpt sesongkort for kr250,-) og starta på grusvegen siste biten inn til Tungestølen. Så sa Priusen *piiip*. Det gjekk nokre augneblikk før vi oppdagar kva som var galt. Det var ikkje setebeltet til Guro, men bensinlampa som lyste. *♪Dam-dam-dammmm♫*

Vi stoppa lett panikkslagne, og vurderte det så kritisk at vi måtte snu og returnere til Veitastrond i alle fall. Vi hadde ikkje sett nokon bensinpumpe der, men dei kan jo ofte vere litt bortgøymd på slike småplassar.

Som sagt så gjort. Vi kom oss tilbake til butikken på Veitastrond, som sjølvsagt var søndagstengd. I stadenfor å starte leiting med bensintørr bil, starta vi å kontakte folk. Med folk meiner vi eigentleg Knut Are og dei han evt kunne tipse oss om 😉 Kanskje dei visste om det var pumpe her, eller visste om nokon som hadde ei reservekanne med bensin. Det løyste seg ikkje, og det var heller ingen (les Knut Are) som kunne ta med ei kanne bensin inn dit på så kort varsel.

Etter mykje fram og tilbake, beslutta vi å ringe NAF. 

Han var på veg til Førde med ein annan bil, og kunne ikkje komme oss til unsetning på mange timar. Han tok imidlertid nokre telefonar for å finne nokon andre som kunne ta turen. 

Etter ei stund ringde han tilbake og gav beskjed om at no var det nokon på veg frå Kaupanger med ei kanne bensin, og kun få minutt etterpå fekk vi ein sporingslink på SMS 😀

Det hadde bygga seg opp eit visst «blæretrykk» medan alt dette pågjekk, så med sporingsappen i hand, tok vi oss ein spassertur langs hovudvegen for å finne ein fornuftig plass å lette på trykket.

Vi skulle ikkje spassere langt før vi fann ein fin plass, og traska deretter viare mellom gardane på Veitastrond ei stund. Når vi snudde oss, la Guro merke til regnskyene som var på veg dit frå Hafslo, så vi snudde tilbake til bilen og rakk akkurat å setje oss inn i bilen når regnet treffte.

Vi leid inga naud. Vi satt i bilen med regnet trommande på ruta, med heimebaka bollar, plomesylte og heit kaffi. Slik satt vi til NAF-mannen kom med 20 liter bensin på ei kanne, som han fylte på bilen medan regnet bøtta ned. Vi var litt usikker på om vi no «kunne» ta turen til Tungestølen alikavel, no som vi hadde fått oss nok bensin. Etter at NAF-bilen var godt ute av synet, snudde vi og køyrde til Tungestølen.

Resultatet finn du på Fasilitetar-sida i form av bilete frå hytta. Den er ikkje stor, og har berre to senger og ein sofa. Trur vi reserverer soveplassane til nokon som har spesielle behov for innesoving. Berre sei ifrå om de treng innesenger, så prøver vi å gjere ei vurdering på kven som treng det mest 🙂 Berre hugs at både overnatting og bruk av hytta kostar litt, og det enklaste er å ta med kontantar 🙂

 

 

 

Bilder frå Tungestølen, og bryllaupet er OFFISIELT!

Heeei blogæææn!

Litt skummelt å skrive i bloggen no når det er masse folk som får epost når eg gjer det. Va mykje mindre forpliktande før de bjønte å abonnere. Det gjer blant anna at eg ikkje skrive så ofte heller. Derfor er det mange små og store ting som har skjedd sidan sist 🙂

Digitalt nytt sidan sist:

  • Framsida endra (bryllaupet er ikkje hemmeleg)
  • Gjestelista er endra (ikkje lagt ut, men ikkje hemmeleg lenger heller)
  • Kart er oppdatert (alle fasilitetar er no med, samt bilete av dei om du klikkar på dei)

Anna nytt sidan sist, i kronologisk rekkefølgje:

Vi har hatt møte med presten i Førde. Han er kul 🙂

Jimmy (leiar i grunneigarlaget) har tidlegare advart oss om at det smeltar Seint (med stor S) på Tungestølen. Fekk imidlertid SMS frå han så tidleg som siste dagen i mai:
«No er det mogleg å køyre inn til Tungestølen», skriv han.
Dette kun få dagar etter at Christoffer hadde vore inn der på motorsykkel og funne vegen stengd av snøskred.

Vi var innom Tungestølen første helga i Juni. Det var gøy!
Tok masse bilete og slikt, så no har vi litt meir kontroll på opplegget der inne. Kartet er difor oppdatert 🙂
Hytta til BaseCamp har DNT-nøkkel. Vi skal ta med nøkkel neste gang vi skal inn, så vi ser kva vi har tilgjengeleg der.
Camp-området er flatt, fint og tørt, men ser ut til å verte oversvømt årleg i snøsmeldinga i alle fall.
Vigsla er vi ikkje 100% sikker på kvar skal vere, men eit forslag er oppe ved tomta der den nedblåste DNT-hytta stod. Der er det fint!
Toaletta er fin! Ikkje innlagt vatn, men reint og pent (endå i alle fall), med spritstasjon ved døra, tre båsar, og rikeleg med dasspapir. Bilete i kartet.

Sistemann på lista har fått «Hald av datoen»-kort, så då seier vi at bryllaupet er offisielt. Det vil sei at de berre kan prate om det til kven som helst. Vi har ikkje fått ut gjestelista heilt endå, men det kjem iløpet av komande helg.

Vi har sendt inn søknad til staten om vi kan få lov til å gifte oss. Det er jo litt av ein prosess, men kan heldig vis gjerast digitalt. Både vi og forlovar(ar) har signert med BankID, og no er den til behandling. Får berre tru vi får den godkjent, ellers vert det eit stusseleg bryllaup :p

Ringar er bestilt. Dei er så FIN! De får sikkert ikkje sjå dei før bryllaupet 😉

Og no planlegg vi å få laga til invitasjonar, men er ikkje heilt klar med alt innhaldet endå. Stay tuned!

Planen var å oppdatere bloggen for over ei veke sidan. Men så har eg laga meg 60+timar på tidskonto, samt halde eit sambandskurs på Nødnett i regi av Røde Kors Sogn og fjordane Hjelpekorps. Det er ikkje foreineleg med å ha overskot til å «blogge» 😉

Lat oss håpe det ikkje kjem fleire slike periodar før bryllaupet. Eg har endå ikkje kome heilt til hektene att, og det gjenstår endå mykje før det er klart for bryllaup 🙂

Prisauke og abonnering på sida

17.mai er overstått, og no er vi i pinsa og driv med bryllaupsførebuing. Dreiv forsåvidt også med bryllaupsførebuing på Grunnlovsdagen også, og oppdaga til vår forskrekkelse at vi hadde bomma litt på leige av Tentipi-telt. Hadde visst ikkje oppdaga at alle prisar er utan MVA, noko som gjer dette ca 1/4 dyrare. Det vil sei at vi må kutte ned på kor mykje vi leiger 🙁

Men Tentipi-telt vert det, og eit lite dansegolv. Berre slapp av folkens :p

Har no lagt til ein modul her som gjer at du kan få epost når vi legg ut noko nytt i blogg-delen. Sidan vi legg ut i bloggen kvar gong vi gjer oppdateringar ellers på sida, kan du halde deg oppdatert med eit abonnement:

Berre legg inn namnet ditt, epostadressa di, og trykk på Abonner. Då kjem det ein e-post i postkassa di der du må klikke på ein link for å bekrefte abonnementet.

Litt seinare i dag kjem vi til å sende ut ein epost til den den ikkje heilt komplette gjestelista. Den linkar til sida her, slik at de kan halde dykk oppdaterte 🙂

Nye sider, tentipi booka, og er det hytte der alikavel?

Nytt innhald

Vi må få sendt ut ein epost til alle gjestene med info om overnatting. Eller, skal vel eigentleg sende ein epost med link til informasjon på nettsida, har vi tenkt.

Overnatting – Informasjon om overnatting
Servering – Kva mat må du ta med deg? 😉
Timeplan – Grov plan for bryllaupet
Pakkeliste – Ein førebels liste med ting gjestane må ta med

Og ønskelista har blitt oppdatert litt også.

Elles

Vi bestemte oss for at gjestane veit sjølv best kva dei likar å grille. Altså må alle gjestane stille med eigen grillmat. Men vi stiller med grillar. Bilete av grillane ser du under servering.

Tentipi er booka hjå Aktiv-i-Lom. Jan, ein triveleg kar som jobbar der, forklarar villeg. Førebels har vi ikkje bestemt oss for kva ekstra vi skal leige i tillegg til ein Tentipi, men sjølve forsamlingsteltet er altså booka 😀

Og så har vi fått beskjed frå han hyggelege Gaute i DNT Oslo at det _er_ ei lita hytte i tilknytting til BaseCamp-området der vi skal vere. Det er imidlertid svært usikkert om det er DNT-nøkkel til denne, men han skal sjekke og komme med tilbakemelding til oss. Tusen takk Gaute 🙂

Slik ser BaseCamp-hytta ut. Så gjenstår det å sjå om der er DNT-nøkkel til den eller ikkje.

I tillegg har eg starta med å lage klar RSVP-skjema, men dette skjema vert ikkje publisert før gjesteliste og innbydingane er klar.

Var også innom lageret til Kaupanger Speidargruppe ilag med Erling i går. Vi har kartlagt kva utstyr vi skal ha med oss derfrå. Det vert mykje!

Området i boks :)

Sånn, då har vi offisielt fått tillatelse frå BaseCamp/DNT Oslo om bruk av området.

Vi har ikkje vore inn endå pga snø, men har funne ut sånn ca kvar BaseCamp-området er:


Dessverre fekk vi ikkje låne Tentipi-teltet deira, og heller ikkje noko av det andre utstyret dei bruker der inne. Eg forstår det godt. Det er dyre forsikringsordningar og mykje administrering med utleige.

Har ellers endra litt på framsida.

Statusoppdatering

Har fått ein avklaring og to i høve bryllaupet sidan sist, så no tenkte eg at det er på tide med ein skikkeleg statusoppdatering.

Obs! Det er endå ikkje greit å snakke med andre om bryllaupet.

Status: Tungestølen
Som nemnt før, har det teke litt tid å få klarheit i kven ein skal snakke med angåande lån av området der inne.  Dette er dei vi har snakka med

  • Grunneigarlaget v/Jimmy: Grunneigar av heile dalen der inne.
  • Luster turlag v/Ole: festar tomt til nye Tungestølen-hytta frå grunneigarlaget.
  • DNT Oslo og omegn v/Gaute: Ansvarleg for BaseCamp.

Vi har vore i kontakt med alle no, og det ser ut til å gå vegen! Det som gjenstår er å få endeleg bekrefting frå Gaute i DNT Oslo.

Luster turlag v/Ole seier:
Hytta vår blåste ned under Dagmar i 2011. Byggestart på Nye Tungestølen i 2019.
Bruk gjerne området vi festar, men det er ikkje her det vigsla området ligg. Snakk med Grunneigarlaget.

Grunneigarlaget v/Jimmy seier:
Bruk området, men snakk med DNT Oslo og omegn om bruk av BaseCamp sitt utstyr i høve toalett, teltplassar og slikt.

DNT Oslo v/Gaute seier:
Truleg heilt greit å bruke området, men han må sjekke det formelt.

Status: Gjestar
Vi har endå ikkje gjestelista klar. Det gjenstår endå folk på «usikker»-lista som vi gjerne vil ha med. Av ulike grunnar, har vi ikkje klart å bestemme oss endå. Altså gjeld endå det som står på baksida av «Hald av datoen»-kortet!

Dette skal vere eit lite bryllaup. Men… Kjem alle som har fått «Hald av datoen»-kort, vert vi totalt 40stk!
Blant dei førti er det sjølvsagt følgje og nokre ungar. Og brudeparet sjølvsagt 🙂
Men asso 40stk! Det er litt fleire enn vi eigentleg hadde tenkt!

Vi bestemte oss tidleg for å ikkje invitere tantar, onklar og søskenbarn, slik som ofte er vanleg. Dei som er på gjestelista vår, er kjernefamilie og nære venner. Til no er det ein liten overvekt på brudgom-sida av lista, og vi vil helst ikkje ha fleire gjester på lista, men så er det nokre eg endå har på usikker-lista, og så er det så vanskeleg å bestemme seg, og så veit eg ikkje heilt kva eg skal gjere, og så vil eg ikkje såre nokon, og så får eg litt stress. *phuh*

Gjesteliste vert sikkert publisert snart. Men ikkje snakk om det før vi har fått gjeve beskjed til dei som «ikkje får vere med». Likar ikkje tanken på at dei skal få vite om det «via-via».

Status: Lån av utstyr og fasiliteter
Gaute i DNT Oslo seier dei har ei hytte der. Eg forstår ikkje det heilt. Kan det hende han refererer til hytta som blåste ned i 2011? Eller er det kanskje ei sikringsbu dei bruker i høve BaseCamp-arrangementa? Reknar med å få svar på dette om nokre dagar. Er det ei hytte der, kan det jo potensielt sett hende det er ein sengeplass og to dersom nokon har spesielt behov om å sove innandørs.

Som nemnt lenger oppe, trur Gaute at det går fint å låne teltplassen. Der er det toalett!
*Jeeiii, vi slepp å drite ut heile området rundt Tungestølen*

Utstyret til BaseCamp får vi ikkje låne, då DNT ikkje leiger ut utstyr til privatpersonar. Det var jo litt synd, for vi hadde håpa på å kunne leige det som ser ut som eit Tentipi-hovudtelt:

DNT Oslo på BaseCamp Tungestølen med Tentipi-telt
DNT Oslo på BaseCamp Tungestølen med Tentipi-telt

Vi får sjå om vi kan få leigd noko slikt frå andre plassar. Tenk so stas å kunne samle seg under tak dersom veiret vert dårleg!

Kaupanger Speidargruppe har eg snakka med. Dei har masse utstyr. Ein del av utstyret deira er oppteke den helga, men det gjenstår nok rikeleg til oss. Skal treffe lagersjefen på speidarlageret ein dag og gå over kva som er oppteke og ikkje.

Overnatting?

I kveld har eg brukt litt tid på å sjekke alternativ til telt. For det første er det minst ein time å køyre til næraste overnattingsmoglegheit i Hafslo sentrum. Deretter ser det ut til at det etter kvart er nokså fult over alt.

Sjekk det nye punktet i menyen for meir informasjon om overnatting.

Så langt kom vi, og nytt innhald på sida

Her på tysdag 01. mai tenkte vi å ta oss ein biltur. Vi køyrde heimafrå Hafslo, og tenkte nett å inspisere området der bryllaupet skal vere. Vi vart møtt av dette:

Vegen stengd av snø
Snøen låg tjukt då vi skulle inn for å inspisere.
Her stoppa vegen brått.

So langt, men ikkje lenger. Trur vi kan vente ei stund før vi prøver å reise inn att.

La forresten ut nåke på sida her. Du finn no sida «Finne fram» under «Om bryllaupet». Der er det no eit kart og ein video som viser vegen dit bryllaupet skal vere. Enj0y!

Om de får problem med at videoen hakkar, er det lagt ut ein video i litt dårlegare kvalitet 🙂

Planlegging i startfasen

I februar spikra vi dato for bryllaypet, i dialog med presten Erling Nydal som Guro har tilknytting til. Dato vert altså 04.august 2018.

«Hald av datoen»-kort er laga og sendt ut, kanskje litt i seinaste laget.

Vi har lyst å ha bryllaupet på Tungestølen. Det tykkjer også presten er bra 🙂

Vi stressar endå ikkje, men det er jo på tide å få avtalt bruk av området vi ynskjer å vere. Har vore i kontakt med kartverket for grunnbokutskrift, formann i grunneigarlaget, DNT Luster, DNT Oslo og omegn, og alle er positive. Imidlertid vert vi sendt litt rundt for å få gjort dei rette avtalane med dei rette folka. Håpet er å få låne området der DNT Oslo og omegn arrangerer BaseCamp, med god plass til telt og toalettfasiliteter.

Har også avtalt lån av ein heil del utstyr med Kaupanger Speidargruppe som Anders er med i. Det vil vise seg på sikt kva utstyr som skal lånast derfrå.

Det var det for no, så får vi prøve å skrive litt her i ny og ne framover.