Dersom vêrgudane står oss bi vert vielsen utandørs og oppe på platået der DNT si hytte stod tidlegare. Dette er om lag 10 min å gå frå campen vår, men det går også an å svippe opp i bilar slik at det berre er sjåføren som må gå etter å ha vore nede att for å parkere 🙂 Om vêret ikkje vil samarbeide så tek vi vielsen i tentipien.
Vi kjem til å sette opp benkar og stolar til å sitte på, og dei fleste set seg der dei har sjølv vil. Forlovarane og deira følgje må sitte på fremste rad på kvar side. Anders og Øyvind dirigerar dette:)
Undervegs i vielsen skal vi synge to salmar; «Kjærlighet frå Gud» og «Å leva det er å elska». Desse er lette å synge, og etter litt research var det dei to vi synest passa best. Ser ut til at desse er sjølve bryllaupssalmane, så mange av dykk har nok sunge dei i eit bryllup eller to før. Ikkje ver redd for å synge i veg med den stemma du har. Mødrene er forsongarar så her er det berre å hive seg på:)
Vi kjem til å lage ark eller hefter med tekstane på salmane og Fadervår, så de treng ikkje å lære dei utanåt:)
Om du vil øve på førehand ( 🙂 ):
«Kjærlighet fra Gud»
«Å leva det er å elska»:
Å lese Fadervår er også ein del av vielsen, og då er det den nyaste versjonen som gjeld. Om du på lik linje med bruda ikkje visste om at det var kommen ein ny versjon.:) så er den slik:
Vår Far i himmelen.
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld,
slik vi óg tilgjev våre skuldnarar.
Og la oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve.
Amen.