Manglar
Medbrakt
På staden
- Område: Vigsel
- Område: BaseCamp
- Område: Parkering
- Bygg: Utedass
- Bygg: Sikringsbu (Obs: ingen overnatting, og bruk av denne kostar «Dagsbesøk»)
Anna:
- Sette opp eige telt andre plassar
- Bomveg (hugs peng!)
Manglar
Medbrakt
Tentipi
Vi får tilkøyrt ein Tentipi frå firmaet «Aktiv i Lom». Dette er ein slags svær lavo på 80m².
Dersom veiret ikkje let oss sitte ute utover kvelden, kjem vi til å ha kaffimaten inne i Tentipien. Her er det plass til bord og stolar, eit lite dansegolv og eit lite serveringsbord.
Vi kjem til å varme opp teltet med bål og gass, og om vi sitt litt intimt, skal vi nok klare å halde varmen trass i den kalde trekken frå Jostedalsbreen du ser inn to av dalane rundt oss.
Festbord
Vi låner matbordet som Kaupanger Speidargruppe pleier å ha med seg på leir.
Dette vert middagsbord, og bord til å spele kort eller drive med andre ting.
Under middagen vert det fritt bordsete, og du går til og frå som du vil.
Grillar
Vi stiller med grillar, du stiller med det som skal leggast på 🙂
Grillar | Kiosktelt |
![]() |
![]() |
Her er ein grill i drift for å grille kylling til ca 65 speidarar. | Pølsebodtelt er kjekt å ha. Her er det berre med tak, men det kan også monterast sider på det. |
Vi tek med to slike grillar i bryllaupet, samt store mengdar med grillkol.
Camp-utstyr
Vi tek med kiosktelt, oppvaskkummar, gryter, steikepanner, bord, kokeaparat, leiker, etc.
Telt til overnatting
Om du låner telt med oss, ser dei slik ut. Det er romslege telt med plass til 6 personar i to vestibylar. Les meir om overnatting her.
Søndag 01.07. var vi på Kaupanger for å ta bilete av telta. Vi har berre slått opp eit heilt provisorisk på nåke grus bak speidarlageret, så har ikkje montert innertelta. Du ser kvar grensa skal gå med banda på golvet.
Store sovedelen | Plantegningar | Store sovedelen |
![]() |
![]() |
![]() |
Det er meininga å kunne ligge denne vegen i store delen. | Her har du alle måla på telta. | Det er romsleg i den store delen. |
Vi har berre 10 av desse, så håpar nokon tar med telt sjølv 🙂
På staden
Område: Vigsel
Området er ikkje 100% bestemt, men vert truleg som i kartet.
Område: BaseCamp
Festbord: til venstre for grua.
Tentipi: skal setjast opp til høgre for grua.
Hytta: I utgangspunktet ikkje i bruk.
Utedassen: Lille raude og kvite prikken midt i biletet.
Parkering: Mellom campingbilen og transporteren min.
Teltplass: På den lisje forhøginga i terrenget heilt til venstre i biletet.
Område: Parkering
Forklart over.
Bygg: Utedass
Kommunal utedass | Inngangsdør | Gang |
![]() |
![]() |
![]() |
Bygg oppført av kommunen med tre utedass-båsar. | Her er inngangen. | Og dei tre dørene som går inn til båsane. |
Utedassen er bra! Dei har utnytta plassen godt, men den føles noko trang.
Vi held toalettet reint sjølv, og går over den før vi reiser derfrå. Vi kjem til å spørje etter frivillege som kan ta utedass-duty før vi reiser.
Bygg: Mini DNT-hytte / sikringsbu
Obs: vi administrerer sengene her! Kontakt oss om du treng seng.
Skal du inn og benytte deg av dei andre fasilitetane hytta byr på, kostar det «Dagsbesøk».
Anna
Sette opp eige telt andre plassar
Vi har fått låne området til BaseCamp, og har tillatelse frå alle grunneigarane til å ha bryllaupet her. Det vil også sei at dei telta vi tek med må setjast opp på området som er avtalt med grunneigarane.
Om du vil litt vekk frå bråket i Camp-området, er det ingenting i vegen for å ta med eige telt som du set opp ein annan plass. Det er svært mange gode teltplassar her, så null stress å finne seg eit flatt og fint område. Allemannsretten gjeld altså for deg, men ikkje for «arrangøren» 😉
Bomveg
Bomveg | Porten | Pris |
![]() |
![]() |
![]() |
I dette skuret må du betale. Herfrå er det 5min å køyre til Tungestølen der vi skal vere. | Her er porten. | Personbilar kostar kr 50. |