Invitasjon

Hei på deg!

Du har gjerne fått levert eller tilsendt ein invitasjon av typen på biletet over. Då ynskjer vi med stor glede å invitere deg med på tur til Tungestølen for vigsel og bryllaupsfest!

Tungestølen er ein støl som ligg langt inne i ein dal med avsidesliggande Veitastrond som næraste tettstad. Stølen ligg vakkert til i skillet mellom dalen frå Veitastrond, Langedalen og Austerdalen, aust for den sørlige delen av Jostedalsbreen. Austerdalen er prega av bratte og ville fjell, medan Langedalen ligg der grøn og frodig med brearmar hengande ned over fjellsidene.

Som du gjerne veit, likar vi oss ute i naturen. Difor har vi lyst å ta deg med på tur til dette vakre området som vi skal gifte oss i. Du kan rett nok parkere 5 meter frå teltet, så det vert dessverre ikkje nokon gåtur å snakke om. Vi bur primitivt i telt, med ein innleigd Tentipi som forsamlingslokale og eit flott men heimesnekra langbord lånt frå Kaupanger Speidargruppe til festgrilling ute.

Du kan sjå på dette som å vere på speidarleir; vi bur i telt, og aktiviteten foregår hovudsakleg ute, og vi hjelpast åt for å få ei bra helg. Sjølve vigselen held truleg til på tomta der DNT/Luster turlag hadde hytte fram til «Dagmar» kom å blåste den ned. Herfrå har vi nydeleg utsikt til brearmane inst i Langedalen. Resten av aktiviteten føregår nede på elvebanken i eit område der DNT Ung kvar sommar arrangerer BaseCamp for ungdom frå heile landet.

Vi held arrangementet barnevenleg, så ta gjerne med din(e) unge eventyrar(ar) som tykkjer det vert spanande med ei natt eller to i telt. Vi tek med litt spel og leikar så vi kan halde oss aktivisert.

Vi er ellers så heldige at Torleif og Tomas har lyst å brygge øl til bryllaupet. Vi ber forøvrig om at de tek litt hensyn angåande mengde alkohol. Brudeparet ynskjer ikkje grøftefyll. Sjøslaget tek de att ved eit seinare høve 🙂

For å komme deg trygt fram, har vi to tips:

  1. Fyll drivstoff på Hafslo før du køyrer viare ein times tid til Tungestølen.
  2. Ta med kontantar til bommen!

Vi snakkar som sagt om litt primitivt teltliv for dei som ikkje bookar hotell. Telt er gratis enten du tar med telt sjølv eller låner med oss, og vi ynskjer sjølvsagt å ha deg på Tungestølen ilag med oss så lenge som mogleg! Heilt primitivt vert det ikkje, her ein flott utedo, så du slepp å gjere ditt fornødne i skogen.

Her på sida finn du truleg meir informasjon enn du treng. Vi set imidlertid pris på om du les gjennom alt. Det gjer opplevelsen betre for både deg og oss!

Noko av informasjonen på nettsida er litt viktigare enn andre, så då uthevar vi noko av det her:

Lurer du på noko? Er det noko vi har gløymt å informere om? Berre spør 🙂 Send ei melding eller ring!